torsdag 31. mars 2011

Meir frå kulturkvelden

Fleire presenterte heimstaden sin, og viste bilete. Jaroslaw, Katarzyna, Alicja og Luba er på biletet her.
Her viser Josef bilete om sin heimby til Sigrid.

Quiz! Ikkje alle like lette.. :)
Dette bordet vann quizen med eit halvt poeng :)


Lokalt talent: Anne Sofie Kaggerud song og spelte to songar til oss. Kjempeflott !






Her er også norsk mat representert, ved Elin-Grete. Vi ser sveler og sjokoladekake på matbordet. :)


"Sild under dyne" på kulturkveld!

Deltakarar og andre inviterte kosa seg på kulturkveld på Bygdestova på Eidet kulturhall onsdag kveld. Det var mat, forteljing av heimstad, quiz og god "kaféstemning som stod på programmet. Under ser vi nokre bilete av maten. Her var mykje forskjellig, som for eksempel:

  1. Sild under dyna- Sledz pod pierzynkg

  2. Kake: Sebra!

  3. Valmuefrøkake- Makowiec

  4. Plov (russisk middagsrett)

  5. Plesniak

  6. Pastasalat med tunfisk

  7. Drømmekake (norsk)

  8. Sandwich med blant anna chili

  9. Tyske kjøtbollar

  10. Salatka (salat)




tirsdag 29. mars 2011

Fisketur utsatt

Turen vi skulle ha med Rottary laurdag 2. april er utsatt til mai/juni. Dette fordi været ikkje tillater at vi tar denne turen no. Vi vil avtale nærmare med Rottary kva for ein dato det blir. Då vil vi sende ut meldingar og epostar i god tid før det blir fisketur ved Vadsetvatnet. Der skal vi fiske med not etter røyr (fisk).

fredag 25. mars 2011

Hugs kulturkvelden på onsdag!

Til alle deltakarar på språk- og integreringskurset:

Onsdag 30. mars blir det kulturkveld på Bygdastova. Det er på Eidet kulturhall. Då vil vi at alle skal ta med

- Ein enkel matrett (fingermat, kake eller bakst) som er typisk for ditt heimland eller heimområde:)

- Ha med 5 bilete frå ditt heimland eller heimområde.- Fortelje litt om kva som er typisk for ditt heimområde. (kultur, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar, landskap m.m.) På norsk :)

- Du kan også ta med andre ting som er typisk for ditt heimland om du vil.

Vi møtest kl 17.30 på Bygdastova, og held på til ca 19.30. Ta med barna dine.

Du kan også invitere med gode vener til å kome på denne kulturkvelden !

fredag 18. mars 2011

Dugnad fredag/ konsert laurdag!

Vatne hornmusikk arrangerer Queen-konsert i helga. I dag fredag er det dugnad frå kl 14 til kl 18. Då er det muligheit for å hjelpe til. Du treng ikkje vere der heile tida, men kome innom den tida du kan :)

I morgon laurdag 19. mars er det konsert på Eidet kulturhall. Den startar kl 19. Ver der litt før, og vi får gratis billettar til konserten. Den blir kjempebra !

tirsdag 15. mars 2011

Neste kursdag er onsdag 16. mars

Då vil vi ønske velkomen tilbake til Tennfjord skule dei to neste onsdagane.

Tennfjord skule onsdag 16. mars kl 18-1930

Eidet kulturhall, dugnad på fredag 18. mars for dei som kan vere med der. Konsert på laurdag 19.mars, vi får gratis billettar:)
Terese informerer meir på samlinga i morgon onsdag.

Tennfjord skule onsdag 23. mars kl 18-1930.

I morgon, onsdag 16.mars, vil der ikkje bli barnevakt, men ta berre med barna uansett, dei kan vere i same rom eller i naborommet med kurset :)

Kulturkveld den 30. mars

Vi skal snart begynne å planlegge "kulturkvelden" vi skal ha den 30. mars.

Her vil vi at alle deltakarane skal:
- Ta med ein enkel matrett (fingermat, kake eller bakst) som er typisk for ditt heimland eller heimområde:)
- Ha med 5 bilete frå ditt heimland eller heimområde.
- Fortelje litt om kva som er typisk for ditt heimområde. (kultur, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar, landskap m.m.)

Lage til ein presentasjon på ca. 3-4 minutt for dei andre. PÅ NORSK sjølvsagt :)

Ta gjerne med reisebøker, bøker om mat eller anna materiell frå heimlandet ditt.

torsdag 10. mars 2011

Bilete frå bibliotek-besøket




David Beadle hadde eit kjempegodt opplegg til oss på Vatne. Her er tre bilete frå kvelden.