fredag 25. februar 2011

Neste kurssamling er onsdag 9. mars på Vatne

Det er ikkje kurs komande onsdag, 2. mars. Då er det vinterferie, og vi hoppar over ein kurskveld.

Det vil seie at neste samling er onsdag 9. mars. Då møtest vi på biblioteket på Vatne.

Då blir det ein prat om kor vi har jobba i Norge, og kor vi har reist i Europa. Vi skal jobbe med 10 spørsmål om ting og fakta å finne i biblioteket.

Deretter informasjon om å finne fram, og korleis bruke biblioteket som hjelp i arbeid, utdanning, interesser og språk. Dette blir gøy!


Til heimesida for folkebiblioteket i Haram: Trykk her

Flinke elevar på Grand Prix

Kjempeflinke elevar underheldt oss på Grand Prix torsdag kveld. Vi fekk vere med som internasjonal jury. I tillegg hadde vi ei oppsummering til slutt.

Det var tydeleg at vi var imponert over modige elevar, som er veldig flinke til både å spele og synge. Mange hadde gode og artige kulissar.

Leszek, Marcena, Elaine og Svetlana framme, Sylwester, Ronald og Aleksandra er bakom.

Her er vi på plass i salen.

Desse dansa, og ei song ein sjølvkomponert song.

To gamle damer.

Veldig mange var tilkuerar i Eidet kulturhall på Grand Prix.

Francisca, Terese og Guttorm.

Dette er frå lærarane sitt innslag. Sprekt!

Vinnarmelodien.

Vi gjekk gjennom songane etterpå i grupper.

mandag 21. februar 2011

Grand Prix på torsdag

Då er det ikkje samling på onsdag denne veka her, men på torsdag. Då kan vi møte på Eidet kulturhall ca kl 17.45.



Programmet torsdag:
- 10 songar frå grupper på Vatne ungdomsskule
- Pause med salg av kaffi og kaker. Her vil Guttorm og Odd Einar samle inn dine poeng frå songane. Du skal gi 12 poeng til den beste, 10 poeng til nummer to, deretter 8,7,6,5,4,3,2,1 poeng til songane. Desse poenga skal telle med som ei jurystemme!

- Tilbake i salen, vinnarane blir kåra.
- Etter det er slutt samlast vi og har samtalar i grupper på tre i lag. Her snakkar vi om songane. Kva var bra med dei?

Tenk på desse begrepa:

Songprestasjon, tekst, kulissar, sceneopptreden, totalinntrykk.

Vi snakkast på torsdag :)

torsdag 17. februar 2011

Ny kjekk økt

I går hadde vi besøk av Rotary, Vatne hornmusikk og IL Ravn. Vi fekk vite litt om kva dei styrar med, og ikkje minst eit inntrykk av kor mykje som skjer på våre kantar.





Arnt-Ove fortel om Ravn. Det er eit idrettslag med over 700 medlemmar.
Dei driv med ski, volleyball, trim, fotball og mykje meir!


Jørg er både kursdeltakar med oss, og medlem i Vatne/Tennfjord Rotary.

onsdag 16. februar 2011

Lag og organisasjonar i området

Det er veldig mange lag og organisasjonar i Vatne, Tennfjord og området her. Her er nokre som Arnt-Ove kom på i farta:

Røde Kors Hjelpekorps
Røde Kors Besøksteneste
Vatne Sokneråd besøksteneste (diakoniutval)
PS96 kyrkjekor
Kor Herrleg - kyrkjeleg mannskor
Tennfjord Mannskor
Vatne Musikkor (blandakor)
Vatne Songlag (blandakor)
Vatne & Tennfjord Rotary
Vatne Ungdomslag - m.a. barnegruppe med dans
IL Ravn, (ski - langrenn, trim, barneidrett, fotball)- størst med ca 750 medlemmar
Haram Handballklubb, felles for heile Haram
Måndagskvelden v/ bedehuset i Tennfjord (speidaraktivitetar)
Tae KwonDo-klubb
Haram Jeger og Fiskeforening
Søndagsskular Pinsekyrkja Saron (barne og ungdomsarbeid)
Tennfjord ungdomslag (delvis nedlagt)
Quiltelag
Husmorlag
Helselag
Hørselslag
Ulike misjonsforeiningar
Engesetdal og Skodje Skyttarlag
Småbåtlag i Tennfjord og på Vatne.

Her frå skirenn i vinter. Foto: www.il-ravn.no

tirsdag 15. februar 2011

Neste samling på onsdag

Vil berre minne om neste samling, onsdag kl 18-1930 på Tennfjord skule. Tema denne gong blir tredelt:
- Forberede oss litt til Grand Prix, Vatne ungdomsskule neste torsdag
- Vi finn ut meir om lag og organisasjonar i området
- To ord: Kva for ord har vi denne gongen?

Ta gjerne med barna, det er barnevakt som vanleg :)

PS! For å sjekke ut om det er interesse for Grand Prix i gruppa vår, har vi lagt ut ei meiningsmåling til høgre her i bloggen. Såg du Grand Prix på TV i helga? Trykk på "ja", "nei" eller "såg litt".

fredag 11. februar 2011

Spel og ord vi lurte på

Denne onsdagen heldt vi på med følgjande aktivitetar:

1.Viste Klar Tale og korleis vi kan skrive kommentarar i bloggen.
2. Skreiv fire setningar om seg sjøl - ei skulle ikkje vere sann.
Samtale: Finn den som ikkje er sann.
3. Spel. Vi spelte brettspel med terningar og brikke. Du hamnar på ei rute med ord ( for eksempel sko, Oslo)
Seie setningar der orda vert brukt. ( Eg har to par joggesko...osb Eg køyrer gjennom Oslo når eg skal til Polen)
4. Vi såg på heimeleksa. Ord som vi lurte på var for eksempel sjølmelding.








Som vi ser, blei vinnarane blønna med sjokolade :)

fredag 4. februar 2011

Klar tale- god nettavis


Terese fortalte om ei avis på nett som er bra. Denne heiter klartale.no

Denne nettavisa har nyheiter kvar dag. Den er lettare å lese enn andre nettaviser. Du kan også høyre nyheitene. Du trykker på "Hør klar tale"

torsdag 3. februar 2011

Kommentarer

Under kvart innlegg kan du skrive inn kommentarer. Dette er ikkje berre enkelt, men her er ei oppskrift på korleis du kan gjere det:

1. Trykk på ”kommentarer” under eit innlegg.
2. Skriv inn din melding i kommentarfeltet.
3. På ”kommentér som” velger du enten:
- ”Anonym”, eller
- ”Navn/nettadresse”
4. Trykk på ”Legg inn kommentar”.

onsdag 2. februar 2011

Heimelekse til neste gong

Terese ga oss heimelekse til neste gong. Alle må ta med 2 ord til neste gong. Skriv dei ned!

Dette kan godt vere dialektord. Ord som ikkje er mulig å slå opp i ordboka :)

Kjekk fotoøkt

I kveld hadde vi besøk at Torstein Slyngstadli og Marit Gaustad. Dei hadde med seg forskjellige bilder. Vi hadde også samtalar i grupper.



Vi takkar for besøket!

Barnevakt populært

Det er mange sambuarar og ektepar som er med på kurset. Då er det ikkje alltid like lett å få barnevakt når ein skal på kurs.

Derfor har vi barnevakt på kurskveldane. Dei som passar barna er elevar frå 10. klasse ved Vatne Ungdomsskule. Aktivitetar er leik, lego og meir. Dersom nokon av barna vil ta med leksearbeid, så gjer gjerne det.

Så ta med barna på kurs!